Norsk Kjernekraft AS besøker Kollsnes i Øygarden

Norsk Kjernekraft AS var på besøk sammen med kommunepolitikere til Kollsnes i Øygarden utenfor Bergen for å se på energiparken som planlegges der. Her bygges Northern Lights (karbonlagring), samtidig som de planlegger hydrogenproduksjon og annen næringsvirksomhet. I tillegg leveres kraft til Troll. Området mangler strøm og det er Norsk Kjernekraft sitt syn at området er svært godt egnet for et lite modulært kjernekraftverk.

Vestnytt skriver:

“Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft AS meiner Øygarden er ein optimal stad for eit lite, modulbasert kjernekraftverk.”

“I Energiparken ved Ljøsnesbukta, med god tilgang på naturgass som kjem i land til Kollsnes-anlegget like ved, er eit nytt industrieventyr på gang.”

“– Alt ein planlegg her krev energi. Den energien og meir til kan eit lite, modulært kjernekraftverk produsera lokalt. I tillegg kan ein fullskala hydrogenfabrikk bli 30 til 40 prosent meir effektiv med spillvarme frå kjernekraftverket, seier Jonny Hesthammer.”

“Den daglege leiaren i Norsk Kjernekraft AS meiner erfaring og kompetanse frå olje- og gassanlegga på Sture og Kollsnes er eit godt fundament for å drifta kompliserte anlegg som kjernekraftverk. Han tek til orde for eit verk av typen små, modulære kjernereaktorar (SMR) i Øygarden.

– Olje og gass vert på sikt bygt ned og vil sysselsetta færre. Fleire av desse kan få godt betalte jobbar i drifta av eit kjernekraftverk, seier Hesthammer.”

“– Eit modulverk krev berre ein liten del av dette arealet. Det ligg perfekt til ved sjøen og kan henta kjølevatn derifrå. Tilgangen på elektrisk kraft er allereie pressa i dette området og ny industri er på gang. Det passar som hand i hanske med kjernekraft, meiner Hesthammer.”

“– Dette kan leverast nøkkelferdig til ein pris på åtte til ti milliardar kroner. Norsk Kjernekraft AS ønskjer å reisa kapital til å kjøpa inn og drifta eit slikt anlegg, seier han.

Den daglege leiaren har bakgrunn frå oljebransjen. Han samanliknar investeringa med eit mindre oljefelt. Eit kjernekraftverk kan vera ei tryggare investering, i ein energimarknad i endring.”